Arbeidsleiar 100 % stilling

Martha Nygård Lande • July 14, 2026

Ledig 100 % stilling som arbeidsleiar for varig tilrettelagt arbeid

ARBEIDSOPPGÅVER:

Som arbeidsleiar organiserer du den daglege drifta og deltar i produksjonen.

Som arbeidsleiar har du også ansvaret for å legge til rette arbeidet, delegere arbeidsoppgåver og motivere tiltaksdeltakarar som er på arbeid.

Du må sikre ivaretaking av kvaliteten på produksjonsleveransar i samsvar med kunden sine krav og i samsvar med verksemda sin ISO standard.

Saman med administrasjonen skal du som arbeidsleiar sørge for å gjennomføre mål og planar som er satt for den enkelte tiltaksdeltakar, ut frå den enkelte sine ressursar og behov.

 

DU ER:

-      Ein person som likar å jobbe med menneske

-      Tydeleg, tar ansvar og har gode leiareigenskapar

-      Praktisk anlagt, strukturert og har stor arbeidskapasitet.

-      Sjølvstendig, engasjert og har evna til å finna løysningar

-      Trygg og tillitsskapande samt ein god relasjonsbyggjar

-      Serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner

 

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:

-         Utdanning innan pedagogikk eller tilsvarande

-         Kompetanse/erfaring med arbeidsleiing

-         Fagbrev og/eller relevant arbeidserfaring

-         Gode datakunnskapar

-         Minimum førarkort klasse B

 

ME KAN TILBY:

-         Ein spanande 100% stilling i ei verksemd som er viktig for lokalsamfunnet

-         Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

-         Gode utviklingsmoglegheiter gjennom kurs og vidareutdanning

-         Gunstige pensjons- og forsikringsvilkår

 

Tiltreding etter avtale.

Det er krav om politiattest før tilsetjing.

Søkarliste kan bli offentleggjort.

 

Send søknad med CV innan 15. august 2026 på e-post til: postmaster@tias.no

 

Har du spørsmål, kan du kontakta:

Dagleg leiar, Martha Nygård Lande, tlf. 53 43 16 60/952 27 425


By Martha Nygård Lande April 21, 2020
Har du prøvd det kjekke familiespelet cornhole? Viss ikkje kan du få kjøpt det hos TIAS! Inviter heile familien på ein kjekk aktivitet. Dette er eit spel som passar for alle aldrar, frå liten til stor. Det følger med spelereglar, men her kan ein tilpasse reglane etter behov. Cornholespelet kjem med ulike motiv.
By Martha Nygård Lande February 27, 2020
Eit viktig steg vidare! Peder Nernæs og Horda Tre AS vart mandag 24. februar tildelt CSR beviset og utmerkinga «Inkluderande bedrift» På vegne av Tias overrakte attføringsansvarleg May Britt Meland eit velfortjent bevis på god og vellukka inkludering i arbeidslivet.
By vegard December 30, 2019
Mandag 30 desember hadde avtroppende daglig leder, Vegard Aslaksen, sin siste arbeidsdag. På behørig vis ble påtroppende daglig leder, Martha Nygård Lande, ønsket velkommen i sjefsstolen.
By tias2019 May 9, 2019
Etter å ha gjennomført intern kartlegging og arbeidsutprøving gjennom AFT tiltaket på Tias, gjennomførte Tommy arbeidslivpraksis hos Advantec på Stord. Dette resulterte i lærlingkontrakt til Tommy og overrekkelse av CSR bevis til Advantec. Vi gratulerer både Tommy og Advantec!